Me er komme til Nordli, og fjerde etappe er gjennomført. Me har vandra i 8 dagar og 200 km sidan Meråker, med eit snitt på 25 km til dagen. Det har vore lange dagar. 25 km på kartet i terreng tek mykje lenger tid enn på asfalt. Det har også vore nydelege dagar, med eit herleg følge. Me vil gjerne dele litt frå etappen.
Våre forventningar til etappen Meråker-Nordli var ikkje store. Me tenkte det ville bli fint å komme ut i terreng, og det var det. Det var områda i nord me gleda oss mest til, og sa faktisk då me flaug til Trondheim: «Det er jo genialt å bli ferdig med Nord-Trøndelag nå først, så er me ferdige med det kjedelige med ein gang.» Etappen overraska positivt, så til dei grader!
Frå å gå langs E6 kom me nå inn i nokon av dei mest øde områda i Noreg, med største samanhengande område utan tekniske inngrep. Det var knapt ein sti, og me møtte ikkje eit menneske vandrande i fjellet i løpet av dei 8 dagane. Det me derimot fekk sjå, var variert og uberørt natur, reinsdyr og utallige ulike fuglar. Frå høge fjell til ugjennomtrengelige kratt, til store innsjøar og fjellgårdar der folk bur fast, sjølvforsynte med straum og utan veg. Blåfjella og Skjækerfjella nasjonalpark kan anbefalast på det sterkaste til alle som ønskjer verkeleg villmark.
Me har på vegen blant anna besøkt Holden Fjellgård, ein nydeleg fjellgård som idag er open for turistar, blant anna som DNT-hytte. Gården har vore busatt sidan 1700-talet, og var ei perle.
På veg ned frå fjellet mot Holden, såg me ein liten båt utpå vatnet. Me spøkte med at dei sikkert var å fiska middag til oss (ja, me tenker stort sett på mat heile tida;)). Då me kom ned til gården viste det seg at det var ein trivelig familie frå Levanger der, på fiske heile helga. Og joda, der kom dei med ein gigantisk aure, ferdig tilberedt til oss. Ikkje eit vondt ord å sei om Real Turmat, men dette måltidet smelta verkeleg på tunga!
Elles har mykje av etappen vore prega av myr. Myra gjer det tungt å gå, og våte sko har vore ein gjengangar hos vårt turfølge. Me må igjen sei me er imponert over Alfa-skoa våre. 8 dagar i myr og eit utal elvekryssingar og skoa er framleis knusktørre.
Mygg har også vore ei oppleving på denne etappen. Alle er einige om at me ikkje visste kva mygg var før denne turen. Vel slapp me lett unna, berre to kveldar var det verkeleg ille. Men då var det også meir mygg enn me har sett i heile vårt liv – til saman. Det var som ein grå vegg rundt oss på alle kantar, og berre dei sekunda det tok å dekke seg med skallklede og myggnetting var nok til å bli halvveis oppspist. Men ingen fare: etterpå spiste me myggen. Real turmaten til middag vart dobbel porsjon, då dusinvis av mygg fulgte med inn i munnen for kvar skei… Hevnen er søt…
Dette idylliske bilete av Martha og eit gigafly er eigentleg av Martha og ein mygg. Snik seg med overalt gitt…
Eit langt større dyr enn myggen me har haldt utkikk etter, etterkvart som me nærma oss Lierne, er bjørnen. Me hadde høyrd Lierne vert kalla bjørnens Sinsenkryss på grunn av at all bjørnen stakk innom her. Mandag kveld kom me til ein liten stad (i Lierne) som heiter Berglia. Herfrå vandra me oppover ein skogsveg. Tobias, den mest observante i følgjet, oppdaga plutseleg eit gigantisk spor midt i vegen. Ingen tvil. Det var bjørn.
Like etter kom møkk, akkurat slik me hadde blitt fortalt ein bjørnebæsj skulle sjå ut.
Ingen tvil om at bamse brakar hadde vore her. Like etter ropte mamma: «Der er den!» Me høyrde knaking i greiner rett føre oss. Nokon av oss sprang framover, andre bakover, i ei blanding av ekstrem nysgjerrighet og skrekkslagenhet. «Der var elgkua, såg dåke den?», ropte mamma. Ei ELG-ku??? Mamma skjøna kanskje kor usannsynlig det var at bjørnen dukka opp rett føre nasa på oss, og tenkte ikkje på den. Det gjorde derimot me. Rett etter dette måtte me krysse omlag 2 km med det tettaste krattet som tenkast kan – kl.23 på kvelden. Me følte bjørnen kunne vere 2 meter frå oss, utan at me ville sjå den, og me prata alle litt ekstra høgt, med litt ekstra adrenalin innabords. Me møtte ikkje bamse brakar denne kvelden, men å vite at han hadde vore der, satt likevel ein prikk over naturopplevinga.
I går var det tid for ein dag på asfalt etter gammalt. Me kjente fort at det ikkje har vore noko sakn. Mykje vart betre då Tobias bestemte seg for å haike siste to mila, med alle sekkane våre. Med vel 100 kg bagasje handla han middag, henta depotpakkane våre i Nordli og fiksa camping på nydelege Strandstua camping. Då me kom fram venta tidenes middag og iskald øl. Me skåla for ein vellykka og lang etappe, imponerande innsats av alle fem og ein månad på tur for Mari og Martha. For å toppe kvelden hadde Tobias også fått med seg kaker og lefser av handelsmann på Matkroken Lierne, frå «Lierne», berre fordi me gjekk Norge på langs. Fantastisk!
Idag har me hatt kviledag på campingen. Me våkna til knallblå himmel, blikkstille vatn og varmt vær. Det vart frukost i sola, ro-og fisketur på vatnet og herleg avslapping.
Martha har ein bekjent frå skulen i Sverige frå Nordli, Morgan. Ho kontakta han for å få tips om kva me burde oppleve i Nordli. Morgan var ikkje heime, men det var mora, Siv. Ho henta oss på campingen, viste oss restauranten Li-vert’n ho driv, og sa me måtte ta eit måltid der. Her vart me påspandert BJØRNEburger og elgburger. Dette er mat utanom det vanlege, og verdt ein tur til Nordli i seg sjølv. Eit fantastisk måltid me kan anbefale på det varmaste. Lokale råvarer, grovt og godt brød og tyttebærkrem. Ein delikatesse. Medan me nytte måltidet utbraut Martha: «Eg som trudde eg skulle bli spist av bjørnen, og nå er det eg som spise den!»
Gode og mette gjekk turen til nasjonalparksenteret. Her fekk me eiga omvisning av Steinar Bach, nasjonalparkforvaltar for Blåfjella/Skjækerfjella- og Lierne nasjonalpark. Særleg bjørnehistoriane vekka interessa vår, og Steinar kunne bekrefte at bileta av spor og møkk stamma frå bjørn, og at heile 16 bjørn held til i det område der me fann spora. Me syns det er fantastisk spennande med så store rovdyr i nærleiken, men fekk også stor forståing for kva belastning bjørnen har vore på desse bygdene. Steinar kunne fortelle at det på starten av 90-talet var rundt 50 sauebønder, som levde av dette i området. I dag var det berre eit levedyktig sauegårdsbruk igjen. Resten er lagt ned, mykje på grunn av bjørn. Dette må skape negative haldningar til rovdyret. Likevel, eller nettopp derfor, driv nasjonalparksenteret opplæring av barna i fylket om korleis å leve med rovdyra, korleis unngå dei og korleis vise dei respekt. Eit imponerande tiltak! Dei fleste ungar i Nord-Trøndelag kunne nok då fortelje oss at det ikkje er nokon god ide å valse i tett kratt nær midnatt i bjørnetette områder – med hund…slik me gjorde!
Etter nasjonalparksenteret tok me oss ein softis i den steikande sola. Også denne fekk me gratis – berre fordi me er ute å går ein så lang tur. Jøssinavn. Jammen er livet godt som NPL-ar i Nordli!! Og som om ikkje det var nok, då me skulle til å poste dette innlegget i kveld banka det på campinghytta. Der stod Siv igjen. Ho hadde røykt fisk, og lurte på om me ville smake. Heilt nydelig!!! Og for ei hyggeleg dame! Slike folk løfter ikkje berre seg sjølv, men heile bygda. Me kjenner oss så vanvittig godt tatt imot her i Nordli , og det har kanskje vore ein av dei finaste dagane våre på denne turen så langt.
I morgon dreg mamma, Tobias og Kira heim att. Etter denne etappen fortener dei ein hyllest!
Tobias, Martha sin kjæreste, har knapt vore i fjellet før, og langt i frå vore på ein lang telttur i ødemark. Han er frå Tønsberg, og sjøen er hans stad. Det satt imidlertid ingen stoppar for han. Trass gnagsår, våte bein og lange etappar spratt han frå tue til tue, utan å klage. Ein ekstrem observasjonsevne, og den som oppdaga alt me andre oversåg, som bjørnespor, eller ein svømmande elg over vatnet. I tillegg utruleg hjelpsom, og stelte i stand både frukostar og middagar før me andre hadde fått snudd oss rundt.
Mamma, vår turhelt og forbilde har vist formidable navigeringsferdigheiter og eit maskineri utan like. Ho finn fram på dei utrulegaste stader og har gitt oss nyttig lærdom når me nå skal finne fram på eigahand. Ho blir aldri sliten, og trass våre tre veker på tur allereie, hadde me store problem med å halde hennar tempo. Me tek av oss hatten for Noregs sprekaste mamma. I tillegg har det vore utrulig koselig berre å ha med seg mamma på tur.
Og til slutt Alaskan Malamute Kira. 11 kg, ein tredjedel av si eiga kroppsvekt har ho bore i 200 km. Og utan teikn til svakhet. Snarare tvert om, og då særleg når reinsdyr dukka opp. Eller mus. Eller fugl. Eller ubestemmelege lukter. Ein arbeidshund utan like, og likevel så hjertelig mot alle. Dei siste dagane syns me ho vart litt tynn, så me lot ho ta oppvasken. Sjeldan har kjelen med fastbrent havregrynsgraut blitt så rein..;). Ho har gitt oss mykje glede den siste veka!
Til sist kommentarar frå turfølget:
Tobias: «Det var himmel og helvete. 90% himmel då… Det verste var mygg, myr og å ta på vått tøy. Det beste var at eg klarte det! Og utsikten, naturen og reinsdyra. Og lære å kjenne meg sjølv betre-korleis reagerer når for eksempel blir sliten og svolten.»
Mamma:»Det gode selskapet og den gode stemninga var det beste. Og det å få vere del av den uendelege villmarka her over mange dagar, og meistringa ved å finne fram-nesten som skattejakt. Ydmyk og takknemlig! Trur denne nasjonalparken vil bli oppdaga!»
Kira: «Takk for oppvasken, bidreg gjerne igjen!»
Imorgon går turen i retning av Børgefjell, berre oss to igjen. Takk for oss Nordli!
Fantastisk å høyre om vandringa i heimfylket mitt – på stader eg omtrent ikkje har vore, rett nok. Men libyggen er nok ekstra trivelege. Vi fekk tre dagar i høyfjellet i Romsdalen, fint det og. God tur vidare.