Me er komme til Haukeliseter, og der var jammen Hardangervidda også over. Etappen har vore prega av hytteliv, mange kilometer, vakker natur, vind og fantastisk selskap!
Torsdag vandra me frå Finse i strålande solskinn. Me var i godt humør etter det trivelige oppholdet på Finse, og var mette og gode etter ein lang hotellfrukost, og klar for Hardangervidda. Etappen mellom Finse og Kjeldebu er spektakulær, og ein tur me vil anbefale! Dette var forsåvidt turen me sjølve gjekk for 7-8 år sidan, då me lova oss sjølve at ein SÅ lang tur skulle me aldri gå igjen. Tidene forandrar seg!
Lenge verka turen som ein leik i forhold til turen for mange år sidan. Me svevde avgårde frå stein til stein i det fine været. Men det skulle ikkje vare. Vel halvvegs syns Martha sine bein at dei hadde gått nok. Uansett kor mykje ho prøvde å kjefte på dei, og sei at dei skulle skjerpe seg, var dei tunge som bly og ville helst ikkje rikke seg. Kilometrane begynte derfor å gå seint, og Kjeldebu verka framleis langt borte.
Me pusla avgårde i rolig tempo, litt bekymra for om me ville komme fram før mørket. Så skjedde det noko. Mari gjekk fremst, og la merke til ein fyr som gjekk og surra rundt litt lenger framme. Så vinka han. Mari vinka litt nølande tilbake, tenkte at det var nå voldsomt engasjement over å møte framande i fjellet. Så oppdaga ho kven det var, og begynte å le høgt. Martha, lenger bak, høyrde berre Mari sin voldsomme latter, og tenkte:»Nei, no har ho der mista vetet!» Men det var ikkje det som hadde skjedd. Det var Jens som plutselig sat på ein haug. Han skulle overraske oss, og hadde gått i møtes. Då me brukte så lang tid hadde han satt seg ned litt. Der hadde han sovna i lyngen, før han ein time seinare vart vekt av ein lemen som stod og freste han opp i ansiktet. Jens var derfor glad for å sjå oss, då han var redd me hadde gått forbi medan han låg der og sov. Men det gjekk fint! Jens tok sekken til Martha, og siste biten til Kjeldebu gjekk mykje lettare. Flaks med ein slik overrasking akkurat denne dagen!
Vel framme på Kjeldebu venta nok ei overrasking. Me var akkurat komme fram og hadde slengt sekkane på bakken då to hyttevaktar kom bort til oss, og tok oss i nevane. «Nå har me venta lenge på dåke», sa dei. «Åå?», sa me, veldig overraska, då me var ganske sikre på at me aldri hadde sett det trivelige paret før. Det viste seg at dei to kjente godt Britt-Elin frå Kvinnherad, som også pleier vere hyttevakt på Kjeldebu. Me vart fortalt at dette var ei av kollegaene Mari ville få ved Kvinnherad vidaregåande til hausten, og at ho hadde sagt me måtte få ein spesiell velkomst. Før me visste ordet av det stod me der med kvar våre glas med godsaker som varma slitne og glade kroppar. For ei overrasking! I tillegg hadde hyttevaktane fått andre telefonar frå kommunen vår, frå Sigve, som også hadde gitt beskjed om at dei måtte ta godt vare på oss. Me kan skrive under på at det vart me! Og ein slik velkomst med slike helsingar vart satt umåtelig pris på! Tusen takk for oss, Kjeldebu!
Neste morgon gjekk turen mot Tråstølen. Her vart det nok eit fantastisk møte! Mamma, Ellen (mamma si venninne), vetlebror Lars Tobias og Kira (hunden) var komme opp. Hurra!! Mamma overraska oss med ei gigantisk sjokoladekake. Gleda vart enorm, både over gjensynet og kaka.
Lars Tobias fekk dessverre ikkje fri frå lørdagsjobbing, og måtte tilbake igjen, men fekk først slå følge med oss eit par timar. Det var eit etterlengta selskap!! Så køyrde han bilen heim, medan Jens, mamma, Ellen og Kira var klare for meir.
Turen gjekk til Sandhaug der me åt middag og tok ein tidleg kveld. Neste dag skulle nemleg bli lang! Då venta 44 kilometer, til Hellevassbu. Dette vart rekordlengde for Mari og Martha på turen. Det nye turfølget var spente på dagen, men viste ingen (ytre) teikn til at dei ville droppe ut sjølv om turen skulle bli lang. Særleg imponerande av Jens, som hadde bursdag denne dagen. Kva meir kan ein eigentleg ønskje seg på bursdagen enn å få gå så langt?
44 kilometer skal ikkje gå av seg sjølve. Det gjaldt heller ikkje desse. Kraftig vind som gjorde at me stadig var nær å velte gjorde det ikkje enklare.
Tempoet var høgt, og det var ikkje takka vera oss to. Dette turfølget er nemleg av den verkeleg spreke sorten, og to søstre som for lengst har inntatt eit standardgir måtte verkeleg sette opp dampen for å halde følge.
På Litlos (etter 27 kilometer) hadde me tid til nøyaktig 45 minutts bursdagsfeiring (nøye utrekna for å nå fram før mørket). Her vart det boller, kaffi og brus.
Pausen gav oss eit energikick utan like. Det varte omtrent 1,5 time. Den siste mila vart tung, men stemninga var likevel relativt god, og me kom fram. Kira, med 10kg på ryggen, såg ut til å kose seg heile vegen. Ho hadde til og med nok energi til litt jakt langs stien, og det vart lemen til både lunsj og middag for hennar del-tygd og svelgd med hud og hår!
Ho fann også noko verkeleg stort – mulig restar av ein T-rex!
På Hellevassbu var det smekkfullt, og Mari og Martha lengta ei lita stund etter det fredelege teltlivet. Me hadde bestemt oss for hytter over vidda, så me alle kunne ha lette sekkar her. Jens hadde frakta soveposar og telt ned til Kinsarvik, der dei og bilen skulle bli henta og frakta opp til Haukeli neste dag av dei kjekke foreldra hans, Odd og Judith. Fantastisk med lett sekk, og så snart me vart tildelt madrasser og senger var savnet etter teltet gløymd. Me var slitne, men storfornøyde med dagens innsats.
I går vandra me i rolig tempo siste drøye to mila til Haukeliseter. På vegen møtte me Judith og Odd – også eit veldig trivelig gjensyn! Det er rart å vere så nær heime, og veldig fint at så mange har tatt seg tid til å møte oss!!
Me åt middag ilag alle saman på Haukeli før selskapet måtte køyre heim, og det plutseleg berre var oss to igjen. Nå er storsekkane tilbake, og me er klare for siste etappe – 10 dagar til LINDESNES!
Dåke e så flinke!! :)) e utrulig kjekt å lesa bloggen dåkas!! Føle eg e med på tur:))