Då var me endeleg komme oss vekk frå E6 og ut i det fri. Det er nå tre dagar sidan me starta frå Meråker, og kom i går kveld ned frå skogen/fjellet til ei veldig lita og fin bygd som heiter Vera. Her har me telta i natt, med alle mulige typar fuglar me aldri har sett før rundt oss. Me har også endeleg fått helst på den berømmelege myggen. Med myggnettingar over hovudet gjekk det fint det også. Eller kva seier du Martha? For oss som hadde KNOTTsikkert nett gjekk det i alle fall bra…
Etter første dagen på veg, har me dei to neste dagane vandra på merka DNT-stiar frå Ferslia til Sandvik, og i går til Vera. I dag tek me oss inn i Blåfjella- og Skjækerfjella nasjonalpark, ein av dei nylegast etablerte nasjonalparkane i Noreg (2004). Her får me for første gong på turen prøve oss utan merka stiar, og har berre eigne kart og vurderingsevner å stole på. Det er spennande og blir sikkert litt ekstra underhaldning i kvardagen. Me er imidlertid glad me har med oss mamma, Tobias og Alaskan Malamute Kira. Dei har alle tre allereie imponert som nokre skikkelege sporfinnarar. Fint for oss!
Før me tok inn på fjellet på onsdag, sov me på Ferslia Fjellstue, ei koselig og velhalden DNT-hytte. Då me skulle til å leggje oss rundt kl. 23, etter middag, yatzy og kartstudering, kom tre gutar ramlande inn døra. Dei såg slitne ut, og det første dei sa var: «Er det matkammer her?», på kav stavangerdialekt. Det var det, og dei vart glad! Me spurte om dei hadde vore langt. «Jo, me går Norge på langs me», sa dei. Me lo, og det vart mange delingar av erfaringar den kvelden og neste morgon. Dei hadde vore på tur sidan februar og mars, og hadde både artige og dramatiske forteljingar frå turen så langt. Om de er interessert kan de lese om turane deira her og her
Dei tre kunne også fortelje med eit sukk at me hadde mykje myr i vente. Dei hadde rett. Dei to siste dagane har me stort sett vandra i myr. Det er tungt, og det er ikkje å leggje skjul på at kilometrane går seinare her enn på E6. Likevel går me stort sett å smiler frå øyre til øyre. Etter tre veker med knallhard asfalt og såre føtter er myra som deilige puter som tek imot kvart steg, og fjellstøvlane frå Alfa er framleis tørre!
Den største utfordringa med å komme ut i villmarka er dårleg tilgang på butikkar, og at me ikkje lenger kan fråtse i det dei har å by på. Me er stort sett alltid litt svoltne, og har kanskje tatt med litt lite mat på denne etappen som er 8 dagar utan tilgang på butikk. Det er imidlertid ein ond sirkel, då sekkane allereie er tunge, og meir mat betyr tyngre sekkar og større forbrenning. Etter fatcamp i Troms, der me stoppa på kvar einaste matbutikk, går det vel bra med nokre dagar med litt mindre mat. Det er nok ein vane!
I går kom også endeleg sola tilbake. Velkommen, vår ven! Du har vore sakna! Dette førte til sløving i lyngen, og eksepsjonelt godt humør. I tillegg er det rart korleis alle stadar blir så nydelege med ein gong sola skin. Fleire gonger i går har me berre stått å nytt omgivnadane, eller komme med utbrot som: «Ååå sjå så nydeleg då!» Det er godt å endeleg vere her – i skogen og på fjellet! Me gler oss til å få sjå meir av kva Nord-Trøndelag har å by på i dag, når me nå skal inn i nasjonalparken.
God tur vidare. Helsa.