Om oss

IMG_1427

NPL-systrene – Det er oss: Mari og Martha, to systrer frå Kvinnherad i Hordaland som sommaren 2014 legg ut på vår til nå klart lengste tur. 1.juni legg me i veg frå Nordkapp og vil i løpet av sommaren bevege oss mot Noregs sørlegaste punkt, Lindesnes. Bloggen er for deg som ønskjer å følje oss i planleggingsfasen og på turen Noreg på langs (NPL). Me gledar oss stort! 

IMG_1340

Yngste syster: Martha Sofie– 23 år. Naprapatstudent i Stockholm.

IMG_1394

Eldste syster: Mari – 25 år. Lektorstudent ved NTNU i Trondheim.

 

 

 

Kvifor me skal gå Norge på langs i lag:

Sidan me var små har me blitt dradd ut i skog og mark i all slags ver med våre i overkant friluftsinteresserte foreldre. Dette har med tida smitta over på oss, og me sett idag stor pris på å få vere ute på tur. Dei siste somrane har mykje av vår fritid gått til turar både i fjella heime i Kvinnherad, på Hardangervidda og i Jotunheimen. Januar 2012 arrangerte me også ein tur til Tanzania med 22 venner der me saman besteig Kilimanjaro.

Jakta på nye utfordringar og turmål dukkar stadig opp. Februar 2013 skulle det 42 km lange skirennet Marka Rundt finne stad i Trondheim. Mari hadde sett bilete av nokre nypreparerte løyper ei vekes tid i forvegen. Dette sendte ho til Martha i Stockholm, med ein utfordring: «Kom og bli med!» Martha kom, og trass låge føresetnadar for skirenn fullførte systrene rennet, sjølv om det var både skjelkat, klissat og snørrat. Mottoet for rennet var: «Det er viktig å satsa litt!» (inspirert av ein lokal kjenning). Etter rennet var Martha klar for å satsa enda litt meir, då ho straks hadde ein ny utfordring klar: «Mari, eg leste ei bok om to som gjekk Noreg på langs, det høyrdes kult ut. Me skal ikkje gjere det me og då, neste sommar?» «Jo, eg er med!» svara Mari. Der vart planen satt i system, og planlegginga starta!

Me har alltid gått mykje på tur i lag, og er eit radarpar når me set av stad. Som systre flest kan kranglar oppstå. Likevel er stemninga stort sett ekstremt god når me er i lag. På tur dukkar dei gode diskusjonane opp, samt synging og tralling, men me kan også gå heilt stille og tenke. Me blir svoltne og slitne samtidig, held same tempo, og trivest svært godt i kvarandre sitt selskap. Derfor skal sommaren bli ein herleg oppleving, og me trur me vil klare å krysse landet vårt på langs saman. Visst skal me bli slitne og grinete, det skal regne til me blir gjennomvåte og kalde og me skal bli oppspist av mygg. Det blir garantert ein enorm fysisk, og ikkje minst psykisk, utfordring. Men me skal også få perfekte solskinnsdagar, oppleve fantastiske naturopplevingar, finne nye spennande stadar, og få total avkopling, utan noko anna å tenkje på enn å gå. Aller mest skal me kosa oss heilt enormt – ein heil sommar i lag på tur! Tjohei for eit eventyr det blir!

Ta gjerne kontakt:

Mari: mari.varanes@gmail.com

Martha Sofie: ms_tv@hotmail.com

20131218-001902.jpg

Og sist men ikkje minst: YOLO!

5 Responses to Om oss

  1. Espen seier:

    Hei!
    Bra tiltak å gå igjennom landet:) Noe annet enn tafatte TV- spillungdommer! Skal følge bloggen deres på ferden sør. Hvis dere skal overnatte i nærheten av Burfjord kan jeg anbefale Arctic Fjordcamp. Lin og Fred er supertrivelige folk og hunder, med en formidabel beliggenhet. Utsikten er utrolig..

    Riktig god tur videre)

    • NPL-systrene seier:

      Hei Espen! Tusen takk for det:-)! Og takk for tipset! Me gjekk faktisk forbi campingen igår, og er komt eit stykke lenger nå, men ingen tvil om at det såg ut som ein herleg plass!:-)

  2. Hei! Tusen takk for veldig hyggelig selskap på Børgefjell. Man skal lete lenge etter mere positive og hyggelige jenter. Selskapet deres gav oss en flott start på vår tur på Børgefjell og jeg kommer til å følge bloggen deres framover. Kos dere videre på ferden i vårt vakre land, spesielt i nordnorge ;), og ta vare på turopplevelsene. Hilsen Raymond

    • NPL-systrene seier:

      I like så! Det var eit av turens høgdepunkt å møte på dåke den fine kvelden på Børgefjell. Biff og øl var også magisk! Kjekt å høyre at du følger med. Nord-Norge er til nå veldig bra!;)

  3. Trygve seier:

    Det gleder en gammel friluftsmanns hjerte å lese om slike unge mennesker! Lykke til videre – på turen, turer og i livet!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s