Dette er Beistet og Raggabasten. Dei likar å gjere kvardagen tung for oss. Dette gjeld særleg litt utpå ettermiddagane, når dei merkar me byrjar å bli slitne. Då gjer dei seg tunge som bly, og skapar seg som to udyr. Plutseleg kan dei finne på å klemstre Mari på hofta eller klype Martha på skuldera. Me trudde kanskje samarbeidet skulle bli enklare på sikt, når me vart betre kjent, men Raggabasten og Beistet er framleis uforutsigbare, og me veit aldri kva tid dei vil gjere livet surt for oss.
Elles er alt bra. Me har komt til Røyrvik ikveld. Beistet og Raggabasten har haika idag, så me har fått litt tid for oss sjølv. Det var godt! Men då dei køyrde avgårde såg me dei rotta seg saman på lasteplanen, og dei sang: «Svake mennesker, hvorfor er du så svak, hvorfor er du så svak?»
Hei Mari og Marta. Så flotte bilete og så kjekt å lesa det de skriv. Veldig bra skriving. Nydeleg lun humor, ryddig og flott med bilete og tekst. Og ikkje minst at de skriv og er tru mot nynorsken. Varm klem frå stolt tante. God tur og lykke til vidare.
Sendt fra min iPad
Den 4. juli 2014 kl. 19:44 skrev «NPL-systrene» :
>
>
Tusen takk tante Eldbjørg! Det varma med slike ord og var veldig kjekt å høyre!:-) Klem frå oss!:-)