Påske er som kjent den aller beste ferien i året. Når Vestlandet i tillegg slår til med det beste påskeveret i manns minne er det lite som kan målast med det. Planlegging til NPL vart også prioritert!
Programmet for påska var for oss rimeleg fullstappa, mest av alt med kos. I tillegg til fullt hus med slekt frå fjern og nær heime i den vakraste bygda på jord (Utåker), hadde me litt av eit planleggingsprosjekt føre oss, når me endeleg var saman på ein stad. Detaljerte kart for heile ruta skulle gjennomgås og organiserast i rett rekkefølge. Deretter skulle dei pakkast i lag med mat frå sponsorar i depot-pakkar som vår snille mamma og pappa skal sende ut til etappemåla våre etterkvart som me nærmar oss dei. Ei stund verka heile situasjonen kaotisk, der me prøvde å orientere oss i eit hav av kart, postpakkar og esker med mat. Når påska nå er over, står 13 adresserte postpakkar ferdig pakka og klare til sending. To nye sponsorar gjorde innhaldet i pakkene litt meir spennande. Ali Kaffe sørger for null gruff på tur, og den trivelege nærbutikken vår Spar Valen bidreg med sjokolade! Det kjem garantert godt med på tur!
Både me og dei heime er også veldig glad for ein tredje sponsor med på laget: st-utleie.no. Her får me leige satelittelefon til ein svært billig penge, og har slik moglegheit til kontakt med omverda kor som helst, om det skulle bli nødvendig. Med frå st-utleie får me også solcellepanel for turen, så våre duppedingsar kan ladast opp ute i villmarka også. Hurra! 🙂
Mellom planlegging, kartstudering og pakking vart det også rikelig med tid for dei etterlengta påsketurane. For natur – og fjellhungrige bystudentar vart den steikande påskesola, glitrande fjordar, irrgrøne bjørkelier og kvite fjelltoppar som ein einaste lang ekstase. Den beste turen vart nok Ulvanåso – ein påskeklassikar som me er så heldige å ha som næraste nabo.
Takk for denne gong Utåker og Kvinnherad! Det er nesten synd å vere vekke frå ein så deilig plass heile sommaren. Ingen tvil om at resten av Noreg har noko å leve opp til! 😉