Ja, me skal framleis på tur – om FEM dagar!

Det har vore tyst som grava her den siste månaden. Grunnen er ikkje at turen er avlyst! Masteroppgåve for Mari og eksamenar for Martha har derimot teke så stor del av tida at blogg og NPL-planlegging har vorte nedprioritert. Nå er masteren levert, og siste eksamen snart gjennomførd. Det er tid for å legge ut på langtur!

Lørdag morgon (om FEM dagar) tek me fly frå Trondheim til Honningsvåg. Etter å ha komme oss frå Honningsvåg til Nordkapp kan turen starte. Det heile er uverkeleg, spanande og litt trist. Det kriblar i turkroppane etter å komme i gang med det som har vore planlagt i over eit år. Samtidig vert det nå plutseleg verkeleg at me skal vere borte frå alle me er glade i i 3,5 månadar. Det vert eit sakn! Nokon kjem heldigvis på besøk undervegs, og andre skal me stikke innom på vegen. Me har også trua på at me kjem til å møte på mange nye, hyggelege folk langs Noregs land.

Våren har vore intens, og med litt for mange planar på agendaen har nokre dagar verka litt voldsomme. Tur-sommaren har då stått støtt som eit stort mål. Ein dag ting verka litt overveldande, tikka denne meldinga inn på telefonen til Mari, frå syster Martha:

«I dag e da akkuratt 12 daga til me står oppe med Nordkapp som to forvirra tullinga, og uansett om vi ikkje vett heilt nett nå kossen da blir, så komme da til å bli heilt magisk uansett å bare komme seg vekk, og ikkje ha noken bekymringa de neste tre månedane! For ikkje å snakke om sikkert heilt RÅ natur, STILLHET, midnattsol, og me kan lese i kjekke spennande bøker på kvelden, og du kan fortella historia om vietnamkrigen og me ska bare tutla av gårde og synga og eta sjokolade!»

Det blir fantastisk å komme seg på tur! Me gler oss til lørdag!

 

Sekk og utstyr - nesten klart for tur!

Sekk og utstyr – nesten klart for tur!

 

 

 

 

 

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

1 Response to Ja, me skal framleis på tur – om FEM dagar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s