11.etappe, frå Røros til Otta, er gjennomført, og me har til og med hatt vår tredje tur innom Trondheim på turen.
Etter Røros hadde me tre dagar på asfalt føre oss nedover Østerdalen før me skulle inn i Rondane. Me såg føre oss tre uendelege dagar, og prøvde å psyka oss opp som best me kunne. Det vart mykje betre enn forventa! Me slapp nesten unna den trafikkerte hovudvegen, då det fantes parallelle grusvegar og liknande nesten heile vegen. Me vandra langs Glomma fordi gigantiske gårdar med nydelege gamle lafta trehus. I tillegg dukka matbutikkar og restaurantar opp nesten kvar dag. Sånn likar me!
Me møtte også mange trivelige folk og dyr…
Dag 2 kom me til Tynset. Der har dei verdas største spark, noko dei forståeleg nok er svært stolte over. Etter ein god middag på ein italiensk restaurant var me klare for bilete med attraksjonen. Akkurat i det me gjekk mot sparken, sprang 10 ungar føre oss – med eigen fotograf. Me innsåg at denne gjengen ville gjere seg betre på bilete enn to rufsete landeveisrøvarar som oss. Kulturhuset er fint det også…
Eit stykke etter Tynset måtte me ein liten tur inn på hovudvegen igjen. Me har aldri sett så mange trailarar på ein veg, og aldri gjennom vårt asfalteventyr har me blitt teke så lite hensyn til. Sjølv når me gjekk på andre sida av rekkverket var me nær ved å bli snissa og blåst rett ut i Glomma når trailerane suste fordi. Ikkje særleg trivelig! Det vart også ein lang kveld på denne vegen. Bøndene mellom Tynset og Alvdal hadde verkeleg ikkje latt ein jordflekk stå urørt. Me leita og leita etter teltplass, og måtte leita i ei mil før me fann ein liten flekk med elvesiv som rakk oss til magen, heilt nede i kanten på Glomma, og med hovudvegen rett over oss. Me sov godt likevel.
Elles har me blitt i overkant freidige med å haike sekkane våre avgårde. Me rekk ut tommelen med det same me er på ein veg, og spør om sekkane kan få sitte på eit stykke. Ein dag brenn me oss kanskje på dette, og nokon stikk av med dei. Så langt har me imidlertid trua på menneske, og møter mange fantastisk hjelpsomme folk! Å gå utan sekkane er som å fly bortover vegen. Stemninga blir fabelaktig, og Noreg på langs-livet smiler, trass relativt kjedeleg vegtrasking.
Grunnen til at me måtte ta vegen gjennom Østerdalen var på grunn av litt tight tidsskjema. Me måtte nå Otta før 18.august, for me skulle nemleg til Trondheim igjen, og i Otta skulle Jens hente oss. I mai, rett før avreise, leverte Mari masteroppgåve. Nå var det tid for at den skulle forsvarast muntlig, og få sensur. Kveldane i teltet på denne etappen gjekk derfor med til lesing av oppgåva, og på dagtid fekk Martha høyre om både funn og metode. Jammen var ho heldig! Etter hjernekapasitet på ca. 10% dei siste 2,5 månadane var det vanskeleg å «skru på» igjen. Etter ein del dagar med tom stirring på teksten, begynte det heldigvis etterkvart å sive inn litt av kva det siste årets studier hadde handla om.
Etter dagane på asfalt var me godt fornøyde med å komme oss opp på fjellet. Rondane, Noregs eldste nasjonalpark (stifta i 1962) stod for tur. Eit nydeleg område med fjell dekka av reinlav. Veldig spesielt, og veldig fint!! Og teltovernattingane i den mjuke mosen var som å sove i den mjukaste seng.
Etterkvart kom me inn på stiar breie som vegar. Me gjekk i regn og vind til Rondvassbu.
Her varma me oss og åt rømmegraut. Fantastisk!! Deretter bar det nedover mot Mysuseter. Plutseleg skimta me ein gul prikk i det fjerne. Me kjente berre ein med så gule klede. «Kan det vere Jens?»
I knallgule oljeklede frå Nordsjøen kom Jens – akkurat framme etter ein lang køyretur frå Husnes i Kvinnherad den dagen. Gjensynsgleda var stor, og etappen nærma seg slutt. Neste morgon gjekk me ned til Otta medan Jens sov frampå. Så henta han oss, og me satte kursen mot Trondheim – igjen!
Framme i bartebyen reiste Martha vidare til Leksvika, på andre sida av Trondheimsfjorden. Her besøkte ho Ellen, venninna frå studier i Sogndal, som nylig har flytta til ein 200 år gammal gård med samboaren Christoffer og lille Anna Sofie.
Imens besøkte Mari og Jens venner i Trondheim, og tok deretter inn på splitter nye hotellet på Lerkendal. Luksus! Hotellfrukost neste morgon var ikkje å forakte, sjølv om nervene for Mari sin del nå begynte å spenne seg for muntlig forsvaring.
Medan Mari førebudde seg, snakka med veiledar og vart grilla av sensorar, reiste Martha og Jens til vår gode venn fysioterapeut Addi. Martha har lenge hatt smerter i skulder/rygg på turen. Addi var klar for å gjere ein innsats for å hjelpe.
Profesjonell, dyktig og med varme hender fant Addi fort problemet. Martha var storfornøyd med behandling.
Imens var Mari plutseleg ferdig som student. Masteren gjekk over all forventing, og ho nærast sveva ut frå NTNU med toppkarakter. Det var ei blanding av latter og tårer, og nå skulle det feirast!
Spa på Brittania var allerede planlagt, som bursdagsgave frå Mari til Martha, og med enda noko å feire blei det champagne i badet!
Reinare enn på mange månadar, glade og avslappa gjekk turen etterpå til Marie – igjen! Her var alle me er så glade i i Trondheim samla, og me hadde ein herleg kveld i lag, med tapas, god drikke og fantastisk selskap!
Og ikkje minst dei ni kvelpane, som var blitt enda større og søtare nå, fekk stor oppmerksomhet.
Opphaldet i Trondheim vart heilt fantastisk, og vart avslutta med at me invaderte heimen til Ida og Trond, som diska opp med tidenes frukost!
Nå er me på veg til Otta igjen, og er klare for Jotunheimen. Yr melder om drittvær, og Martha gløymde regnbukse hos Ellen. Då passar det godt at Jens har ei løysing – nordsjøkleda er nå donert til Martha, og me er klare!!
Gratulerer så MYKJE med fullført studie! Og god tur vidare. Håper vergudane vil vere på dåkas side dei siste vekene:)
Tusen takk for det Bjørg! Det er rart, men herlig! Ja, det håpar me også! Då blir det så mykje triveligare å vere på tur 😉
Haha, de regnkleda passe jo perfekt, jakke til Jens = kåpe til Martha 😉
Tusen takk for at jeg fikk være med på feiringa dere, var fantastisk å se dere igjen ❤
Herregud Mari, du er heilt RÅ! Gratulere så mykje med endt master på med beste karakter, og god tur vidare til dykk begge to 🙂
Hehe du er knallkjekk Eli! Tusen takk! Det var gøy! 😉 god haust i Trondheim Eli!:)