For åtte dagar sidan starta fem spente vandrarar frå Sulitjelma. Berre to kom heile vegen til Abisko.
Frå naprapatskulen til Martha ville tre klassekompisar vere med på tur. Dei valte den lengste etappen på heile ruta, frå Sulitjelma til Abisko. Martha advara om at me går minst 25 km kvar dag, og at det er langt i terreng og med stor sekk. Ho anbefalte følget derfor om å trene med sekk og gå inn fjellsko på førehand. Me har eit relativt stramt tidsskjema, då me har ein draum om Lindesnes i det fjerne. Martha forsikra derfor gjengen om at me ville gå frå dei, om dei ikkje haldt følge.
Til vår glede og overrasking lot ikkje denne gjengen seg skremme av slike advarslar. Trønderen Lars Erik og Stockholmarane Patrik og Emma (Martha sin sambo i Sverige) var med! Me var klare til å gå onsdag morgon. Det var dessverre ikkje Norwegian med på, som hadde rota vekk Emma sin bagasje på veg til Bodø. Med tid og stunder dukka den opp. I mellomtida hadde me gått 700 høgdemeter oppover ein bilvei, og låg på toppen og venta på gjengen.
Trivelige hotelleigar Rune frå Sulitjelma hadde lova å frakte gjengen opp til toppen når dei kom. Rundt fem på ettermiddagen var me klare, alle fem.
Patrik, som omlag aldri hadde vore på fjellet før, kunne forsikre oss om at han var godt førebudd, då han hadde sett alle YouTube-klipp om korleis det skulle gjerast. Likevel var gjengen innstilt på at opphaldet ville bli tøft, og som Emma sa, ville dei vere glade om berre ein time ut av heile opphaldet ville bli fint.
Etter at Patrik hadde fått opplæring i korleis å halde gåstavar, var me klare.
Allereie første metrane starta utfordringane. Me måtte krysse ei lita snøfonn. Her var det nokre klegg. To framande ting på ein gong vart i meste laget for Patrik. Han sprang og hoppa rundt i panikk, medan han vifta med armane og laga høge blåselydar. Martha lo så ho haldt på å trille utfor snøfonna. Mari gjekk bakerst og observerte galskapen, spent på den kommande veka.
Lars Erik hadde ein del problem med sekken, og dette, samt den seine starten, gjorde at me første kvelden var forseinka i forhold til dagens etappemål. Trass dette var stemninga god, og me fekk oss nok ein god latter då middagen skulle lagast, og svenskane hadde tatt med tennvæske i staden for rødsprit.
Dagen etter starta me med nytt mot. Området me befant oss i var heilt fantastisk! Gjengen hadde valt ein god etappe, som i tillegg viste seg å vere lettgått. Området var relativt flatt og med gode stiar. Dette var ramma inn av store innsjøar og store fjell rundt oss.
Etter nokre kilometer andre dagen kom me inn i Sverige. Her vart stiane enda tydelegare, og treplankar var lagt ut overalt til å gå på.
Bruene var også av ein annan dimensjon enn i Noreg. Her er ei svensk bru i bakgrunnen av dei spreke ungdommane:
…og her er ei norsk bru (litt meir kick å gå på den?)
Ein annan forskjell frå Noreg til Sverige er klesstilen i fjellet. I Noreg er det ull for alle penga. I Sverige er det rutete skjorte, speidarsjal og hatt som gjeld. Me hadde god underhaldning med å tippe kven som var norske og svenske av dei me møtte ut frå kleda. Det stemte alltid!
Været var varmt, og tempoet høgt. Lars Erik hadde problem med å få i seg nok væske, og kjente seg ikkje heilt i form. Likevel var det lite empati å hente hos oss, som såg på klokka og telte kilometer. Me fekk raskt kallenavnet Gestapo, kanskje vel fortjent. Lars Erik måtte derfor berre stå på det han orka. Litt utpå dagen viste han oss dei sjukaste gnagsåra mellom låra. Me var sjokkert over alvoret, og at han trass dette hadde holdt så godt følge. Han hadde store smerter, og Martha tipsa han om ei hytte på vegen han kunne legge seg inn på for å kvile. Når me kom til hytta, Staloulouktastugorna, vart det klart at han ikkje hadde noko anna val. Me fekk renska såra og fekk han til sengs. Eit svensk par såg vantro på oss, når me fortalte at me skulle gå vidare. Seinare fekk me vite at Lars Erik blei på hytta i tre netter, før han tok helikopter ut frå fjellet.
Det går nemlig rutetrafikk med helikopter i den svenske fjellheimen-nok ein forskjell på Noreg og Sverige.
Det var kjipt å gå frå Lars Erik, men det var lite me kunne gjere for han, og var glad det var her dette skjedde, og ikkje langt inni dei øde trønderskogane.
4 av 5 fortsatte, men allereie første bakken etter hytta fekk Patrik problem: leggen hans slutta å fungere. Han brukte stavane til å dra seg oppover, og fortalte etterpå at han berre måtte gå, for om ikkje ville han falt bakover og trilla ned berget. Samtidig haldt Emma på (som oss) å miste vetet av all myggen. Me telta derfor då me nådde toppen av fjellet, og kryssa fingrane for at beinet til Patrik skulle vere betre neste dag.
Takka vera naprapatfiksing av Emma, var den det, og denne dagen gjekk me over 30 kilometer.
Me var mektig imponert over følget! Dagen var ikkje utan problem, men dei stod på og kjempa, trass mykje vondt. Emma var i imponerande god form, men kjente det etterkvart godt under fotblada. Dette løyste ho med å springe, for slik å ha føttene i bakken kortast mulig tid. Me hang etter som tre slips! Patrik sin hoftebøyar slutta etterkvart også å fungere. Dette fiksa han med å stoppe innimellom for å behandle seg sjølv. Imponerande kor lenge han klarte å halde dette gåande!
I tillegg hadde dei nye fjellskoa hans begynt å gi resultat i form av utallige gnagsår.
Neste dag var desse betraktelig verre! Det var også hoftebøyaren. Patrik fortalte at han ikkje kjente seg bra. Han kaldsvetta, og hadde frykteleg vondt. Han sa til og med at han ville legge frå seg 600 gram sjokolade på neste hytte. Dei som kjenner Patrik veit at han elskar sjokolade over alt på jord. Me var sjokkert, og skjøna ting ikkje var bra. Me kom oss til Kisuristugorna. Her tok me ein kikk på gnagsåra, og igjen skjøna me at dette var alvor. Alt var gult og guggete, og me var overaska då han sa det ikkje var der det var mest vondt. Det var klart at heller ikkje Patrik kunne fortsette, og Emma valte å bli igjen med han, då ho såg kor ille det var. Dette med litt tungt hjerte , då ho gjerne ville gått til Abisko, og var i fin form.
Det var trist og rart å gå frå dei. Samtidig var det litt godt å sleppe å sjå kor vondt dei hadde det, utan å kunne ta tilstrekkeleg hensyn. Emma og Patrik stod opp grytidlig neste morgon og kom seg til Ritsem, der dei møtte Lars Erik. Saman drog dei til Stockholm.
Etter 3,5 dagar med det som hadde verka som det verste realityshowet, var det berre oss igjen. Av ein hyttevakt fekk me høyre at Noreg hadde fått terrortrussel mot seg, og var i høgspenn. Me gleda oss til å komme til Ritsem for å få dekning og ringe heim. Me tok båt over Akkajaure, ein båt alle langs denne ruta tek.
Folka på båten tulla med oss om at me måtte ha svenske kontantar for å betale båten, ellers måtte me gå rundt. Me gjekk rett på, og tårene spratt nærast fram i augene på oss. Dei var raske med å avsløre spøken. Ikkje nordmenn klare for ein vits dette nei. På båten fekk me også vite at nettet i Ritsem var nede, og det var heller ikkje mulig å betale med bankkort på butikken der. Dette vart i meste laget for to slitne NPL-arar, og me kom oss så vidt opp bakken til Ritsem turiststasjon. Heldigvis var det ein servicemann utan like med namn Calle som var på jobb, og me fekk handle mot å betale på nettbank seinare. I tillegg gav han oss ein røyka fisk og brus. Stemninga vart straks betre. Seinare på dagen kom me så nær norskegrensa at me fekk dekning via Noreg, og fekk kontakta gjengen heime utan å bruke satelittelefonen. God dag igjen!
Etter dette har me slukt mil, blant anna langs den verdskjente og folksomme Kungsleden (som også har meditasjonsstadar).
Ein dag vart me litt lei folkehavet, og tok ein avstikkar ut frå merka sti, også for å spare ei mil. Det var deilig å navigere sjølv litt.
Bonusen kom på kvelden, då me endelig gjekk på ei elgku med kalv. Eit fint øyeblikk! Dei såg på oss og me såg på dei i nokre minutt, før dei loffa avgårde.
Nå er me komme til Abisko, og har handla haugevis av smågodtet som Ingridane fortalte oss om. Lykke på jord! Dei siste dagane har vore veldig lange, og det kjennest på kroppen. Men nå har me fått mat, dusj og klesvask, og byrjar å bli klare for siste etappe her i nord.
Det er moro å lesa om opplevingane dokkes, dere er gode til å skildra det som hender. God tur vidare. Hilsen Arne Ove.