7.etappe: Umbukta-Sulitjelma

Me er kome til Sulitjelma, og halve tida er gått. Det er ein månad og tre veker sidan me starta på Nordkapp, og like lenge er igjen. Om lag halve distansen frå Nordkapp til Lindesnes er også gjennomførd. Me er glade det framleis er lenge igjen, då livet som NPL-ar framleis er godt (sjølv for ein sliten skrott).

Sommarvarmen tek framleis vare på oss. Sjølv om det framleis blir bading i kvart eit vatn, og shorts og t-skjorte er einaste plagga me brukar, er varmen likevel ikkje like intens som tidlegare, og det skapar trivsel på fjellet.

20140722-180312.jpg

Noko anna som skapar trivsel er at insekta har roa seg litt, og forfølger oss ikkje konstant lenger. Trass plaga insekta har påførd oss så langt, har dei likevel gitt oss eit nytt syn på kvardagen. Det som før ville vore ein heilt ok morgon, er nå -utan insekt- ein heilt fabelaktig morgon, med nydeleg utsikt, perfekt gåvær og god dagsform. Gleda over å få sitte ute i lyngen med havregrynsgrauten i ro og fred, utan at nokon plagar ein, er nå lykke på jord. På same vis vert den nydelegaste solnedgang eller utsikt totalt overskygga om insekta slår til. Ein klarar ikkje å slappe av, puste eller tenke. Me har møtt insekt for alle værtypar og i alle størrelsar og fasongar på denne turen. Nå når dei endeleg er begynt å forsvinne, er kvardagen vår blitt så umåteleg mykje lysare, og me set så stor pris på øyeblikk som tidlegare vart tatt for gitt.

Når me snakkar om øyeblikk, er det eigentleg rart korleis det er med dei på tur. Gleda over små ting blir så mykje meir ekstrem her enn til vanleg. Som når ein finn ut at det finst ein stad der det blir seld is langs dagens rute, når det er tid for eit bad i eit klart fjellvatn (som er varmt), eller når ein ser hytta eller teltplassen ein sein kveld (me hoppar faktisk av glede).

20140723-000432.jpg

Eit godt døme frå etappen er då me vandra nedover ein furuskog ein varm formiddag. Martha gjekk fremst, Mari bak. Plutseleg hviner Martha til og hoppar opp og ned og vifter febrilsk med henda. Mari reknar med Martha har tråkka på ein frosk eller fuglunge, noko som kan tenkast framkalle ein slik reaksjon. Men nei: «Blåbær, Mari! BLÆÅBÆÆÆR!!!» Før eit sekund var gått, sat me der i tuene begge to og moska innpå.

20140722-175546.jpg

I tillegg til sol og mindre insekt har etappen stort sett vore lett å gå, med merka stiar og mykje hytter. Frå Meråker til Umbukta møtte me ikkje ei sjel vandrande i fjellet. Det har endra seg her. Første dagen, då me gjekk frå Umbukta, møtte me to andre jenter som går Noreg på langs. Ingrid og Ingrid frå Åndalsnes. To små jenter med 30 kg på ryggen. Uforståeleg korleis dei har komme seg heile vegen frå Nordkapp med den lasta på ryggen! Sterkt! Me delte erfaringar, og særleg eit tips tok me til oss: «I Abisko er det metervis med smågodthyller-kjempebillig!» Ingen tvil om at dette er vår store motivasjon mot neste etappemål, nettopp Abisko!

20140722-181122.jpg

Me har også kryssa Polarsirkelen.

20140722-201221.jpg

«Kva kan me vente oss på andre sida?» … Jo, hamburgarar og is på Polarsirkelsenteret, midt oppå Saltfjellet. Slik gir ny energi og hjernekapasitet til jentene. På vegen vidare vart det derfor eit lite foredrag av Mari til Martha, med tema Noreg under 2.verdskrig. Dette er slik som hender når me har ekstra energi. Enten held Mari historie-føredrag eller Martha får Mari til å pugge latinske muskelnamn. I dag var det altså 2.verdskrig som stod på agendaen. Ikkje før var foredraget ferdig så kom me over informasjonstavler om nettopp dette. Her fekk me vite at det i Saltdal og Rana kommune hadde vore heile 35 konsentrasjonsleirer, med 500 krigsfangar i kvar under krigen, satt til å bygge jernbanen. Rart å tenke på, der me vandra langs togskinnene.

20140722-200557.jpg

Som sagt har etappen stort sett vore fin og lett å gå, men med eit særskilt unntak. Ein kveld me kikka på karta for ruta videre, oppdaga me ein potensiell snarveg. Snarvegar likar me, for Noreg er eit langt land. På kartet såg me ein skogsveg langs ei elv, mellom to svært bratte fjellsider. På kartet kunne det sjå ut som at vegen låg nedi elva. «Sikkert trykkfeil», tenkte me, og vandra neste dag avgårde med freidig mot, i retning snarvegen. Note to self: «Kart lyg ikkje! Viss kartet seier at vegen ligg i elva, så gjer den faktisk det!» Dette resulterte i ei strabasiøs ferd som veksla mellom balansering på store, lause steinblokker i elva, og kaving i tjukk jungel. Hadde me visst dette på førehand, ville det nok blitt omvegen…

20140722-180811.jpg

20140722-180652.jpg

Elles har etappen vore fin, og særleg den nest siste dagen, frå Argaladdhytta til Coarvihytta var heilt nydeleg. Kanskje den finaste så langt!

20140722-181152.jpg

20140723-002637.jpg

20140723-002659.jpg

I formiddag ankom me Sulitjelma, populært kalla Sulis. Sulitjelma har i over 100 år vore gruvelandsby, med uttak av kobber og svovelkis, heilt til drifta vart lagt ned i 1991. På eit tidspunkt jobba det over 3000 arbeidarar her, og gruveselskapet var den nest største industribedrifta i Noreg.

20140722-180459.jpg

20140722-180246.jpg

Idag har Sulitjelma omlag 600 innbyggjarar, men me er fortalt at staden igjen er i vekst, og har blant anna akkurat fått ny skule.

Nå er me sjekka inn på Sulitjelma hotell, henta på matbutikken ein av eigararane, May Britt. For to møkkete og slitne vandrarar var dette staden å komme! Her fekk me vaske kle, dusje og det var til og med basseng. For ein luksus!! Det viste seg at heile hotellfamilien var på hotellet desse dagane. Elles var me dei einaste gjestene. Det gjorde ingenting! Me er ikveld blitt varta opp med treretters middag, eit måltid utan sidestykke. Ja, me veit me har sagt det før, men dette må vere turens beste måltid! Heimelaga fiskesuppe, ovnsbakt laks og deretter fromasj og bær gjekk ned på høgkant. Heilt nydeleg!

20140722-200519.jpg
Maten stod i stil til omgivnadane. Hotellet, som er over 100 år gammalt, har tidlegare vore direktørbolig frå gammal gruvetid. Her har også kongen vore innom. Den gamle stilen er haldt ved like, og det er som å vandre rundt i eit herskapshus. Ein deilig plass å komme til etter nært 200 km vandring og mange netter telt.

I morgon kjem to svenskar og ein trønder for å slå følge med oss mot Abisko, alle frå Martha sin klasse. Me tenkjer derfor å gå mesteparten av etappen i Sverige, så ikkje overgangen skal bli altfor stor for Stockholmarane. Hej, søta bror! Nu kjør vi!

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to 7.etappe: Umbukta-Sulitjelma

  1. Jeg gikk også snarveien etter å lest om den. Det er mye dårlig vei i Norge, men den her tar kaka! Det var vel i grunnen i overkant spennende når en så all steinen som hadde rast ned. Forståelig at den er nedlagt! Kjempeartig å»følge» dere, mange gode minner dukker opp. Er det ikke rart at man kose seg slik når nesten hver dag er et fysisk slit?
    God tur videre 🙂

    • NPL-systrene seier:

      Så artig å høyre at også du gjekk «snarveien». Enig i at den tok kaka;). Veldig kjekt å høyre at du følger med. Ja, det er verkeleg rart. Kvar dag å bli så utslitt, men likevel ha det så fint! Kanskje det er ein del av tingen..:) Tusen takk for det!

  2. Så herlig 😀 Jeg sitter ved siden av valpekassa og ser på Tips og hennes syv små. En time siden siste kom, så det er fortsatt mulig at det er flere… Alle er i god form 🙂

  3. Bjørg Solsvik seier:

    Eit høgdepunkt kvar dag eg les bloggen de skriv. Er så imponert over haldningane til slit og insektsplager med meir, og ikkje minst gleda de formidlar. Fortsatt god tur. eg sit meg på flyet til Kirkenes om nokre timar og håpper å få mange småturar. eg legg dei nok opp etter veret. Er det dårleg blir det nok ei god bok på sofaen 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s