Kva som skjer når regnet kjem…

I nøyaktig to veker var det fint å gå Noreg på langs. Sola skein, om enn med litt skyer og vind innimellom. Stemninga var fabelaktig og kilometrane vart lettare og kortare for kvar dag som gjekk. Livet som NPL-ar var godt.

Så skjedde det noko… Regnet kom! Samtalane vart kortare, skritta vart tyngre og til og med sangen stilna. Då dagens kilometermål var nådd, vart teltet slått opp i det som då var omgjort til ei myr. Ikkje eit ord vart utveksla med kvarandre, berre stille forbanning inni kvar vår hette, over det hersens regnet og dei kalde fingrane. Vel nede i soveposane, då me endeleg hadde fått varmen, snudde me oss mot kvarandre. Me såg litt på kvarandre, så begynte begge å le, og nærast i kor utbraut: «Korleis kunne me gløyme at me hatar å vere på tur når det regnar?» Ikkje det at me hadde forventa 100 dagar på tur i NOREG utan regn. Det er berre det at me gløymer så frykteleg lett.

Neste morgon høyrde me framleis regnet slå på teltduken. «Aldri i livet om me går ut av dette teltet før regnet stoppar», sa Mari. «Enig!», sa Martha. Etter eit par timar stilna regnet. Me åt frukost, og glade og nøgde opna me teltduken. Det som venta utanfor var SNØ! Då sa Martha: «Nei nå står ikkje verda til påske!» Snø i juni?

Me kom oss avgårde, men gjekk etter ein times tid i ly på ein triveleg matbutikk i Sørstraumen. Då var det blåst opp til snøstorm. Me hadde planen om å gå over Kvænangsfjellet, men snøstormen gjorde jo at det såg litt utrivelig ut. Alle som kom innom butikken lo, og sa det var ein tur dei ikkje misunte oss i dette vêret. Me utsatte dermed enda ein time å gå vidare- godt det er lyst heile døgnet her! Heldigvis for snøstormen like fort som den kom, og me peisa over fjellet med friskt mot – med fantastisk utsikt heile vegen.

20140618-095334.jpg

Vel over fjellet kom regnet over oss igjen. Då det også fortsatte neste dag, var me fast bestemt på å ta inn på ein camping. På Google maps såg me det skulle komme ein etter 8km. Me draumde om ei tørr hytte og ein varm dusj, der me hutra avgårde i den kalde Tromslufta. Men campingen lot vente på seg, og då me hadde gitt opp draumen om hytta, og såg føre oss enda ei kald natt i teltet, var den der plutseleg! Fosselv camping! Våte, men lykkelege trådde me inn i resepsjonen. Me spurte om dei hadde ei lita, billig hytte ledig. Ja, det hadde dei. Me prata litt, og plutseleg spurte dei:»GÅR dåke?». «Joda», sa me. Før me visste ordet av det stod me der med ein ny hyttenøkkel i handa. «Ta den største hytta me har, heilt gratis!» Me måpa, og vart mållause. Og for ei hytte! Makan til campinghytte har me aldri sett. Den var som ein leilighet, med flatskjerm, stort bad og trendy innreiing.

20140618-100436.jpg

Og som om ikkje det var nok, tilbaud dei seg å køyre oss til butikken, som var ei mil unna. Snakk om service!! Og gjett om det vart taco til middag!

Grillhytte var det også på campingen, og her vart me tatt imot med sang og god stemning. For ein camping!:-)

20140618-100724.jpg

20140618-100801.jpg

Etter ein varm dusj låg me begge strekk ut på sofaen. Martha sa: «Du Mari, om eg og deg klarar å gå Noreg på langs, det er veldig væravhengig, trur eg». Heldigvis gløymer me som sagt svært fort, så me går vel vidare idag også, om det enn er meldt regn i fire dagar til.

Og til slutt: liten oversikt over kvar me har gått så langt.

20140618-101224.jpg

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Kva som skjer når regnet kjem…

  1. Mariann seier:

    HAHA, ser dykke for meg!
    Og vet dere hva, jeg har lurt veldig på hvordan dette skulle gå når dere fikk dårlig vær, jeg glemmer nemlig ikke hvor mye dere misliker å være på tur i regn 😛
    Men jeg har trua på dere og gjennomføring, og satser på en flott sommer!!!

    • NPL-systrene seier:

      Haha herlig Mariann! Du har så rett så rett!! 😉 nå har me hatt ei veka med regn, og føler oss veldig sikre på at det var alt av nedbør for denne sommaren, så dette går bra 😉

  2. Ingvill seier:

    Kor kjekt å sjå og lesa om norgepålangs:) No har eg smilt masse:) Kan de helsa så masse til Marit. Eg er så stolt over at ho også har teke tak i draumen sin. Tenk at ho får gå i lag med jentene sine:) Stort! Eg er inspirert:) God tur vidare:) klem frå Ingvill

  3. Kjersti Opdahl seier:

    Hei jenter:-) så utrolig spreke dere er, jeg er mektig imponert. Så kos for mammen å få slå følge med to flotte døtre. Skal følge dere på bloggen.Lykke til:-))

Kommenter innlegget