Historisk innblikk med personleg guide

I går formiddag, etter å ha gitt frå oss vårt herlege hotellrom, putla me langs vegen ut av Alta sentrum. Me hadde nytt og friskt mot, og var klar for det E6 måtte by på. Ikkje før ein kilometer var gått, kom ein mann på sykkel opp på sida av oss. «Skal de langt?», spurte han. «Ja», sa me. Han sa me måtte ta turen innom helleristingsmuseet, så skulle han spandere noko å drikke på oss. Me hadde sett at museet stod på verdsarvlista, og tenkte at det kunne vere verdt eit besøk.

Inne på museet kom mannen på sykkel med vafler og brus. Arne heitte han, og var spesialpedagog, og ein riktig trivelig ein også. Etter litt mat og drikke tok han oss med på omvisning. Me fekk blant anna innføring i samehistorie, Altavassdraget og Wirkolas liv.

20140613-230648.jpg

Så var det ut til helleristingane. Det var enormt mange, og dei var frå 2000-6000 år gamle. Dei viste reinsdyr, ender, fiskar og folk på jakt. Nokre bjørnar var det også. Så fort Martha såg bjørnen, spurte ho Arne: «Det er ikkje bjørn her nå?», med redsle i stemma. «Neida», sa Arne.

20140613-231656.jpg

Arne var ein hyggeleg kar, og jammen er ikkje verda større enn at han hadde ein svoger frå Uskedalen (som ligg i vår heimkommune). «Me ringer til han», sa Arne. Og det gjorde han. Så gav han telefonen til Mari: «Nå kan du sei han skal tippe kven du er». Litt pinleg berørt gjorde Mari så. Og det gjekk fint. Svogeren til Arne hadde lest Kvinnheringen: «Ja, de er frå Utåker og har lånt kart av Eidsviken», sa mannen i telefonen, med den kjente dialekta. Opplyst uskedøling, tenkte me.

Sjølv om museumsbesøket gav oss fem kilometer ekstra gange, og seinare start frå Alta enn planlagt, var det vel verdt besøket. Og igjen er me overvelda og takknemlege over å treffe så hyggelege folk undervegs, som Arne.

I dag har me gått 29 km, og ligg godt nøgde i soveposen. Dagens største begivenhet var då tre syklistar kom mot oss. Me tenkte det var tre til som sykla Noreg på langs. Me skjøna ingenting då ei av dei ropa: «MARTHA!» Joda, midt i ein fjordarm utfor Alta dukka to kjente fjes opp, frå Martha si studietid i Sogndal. Morsomt og random møte! Her kan de sjå deira side frå turen. Me ønskjer dei god tur vidare!

20140613-232301.jpg

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Historisk innblikk med personleg guide

  1. Aina med di lange beina seier:

    det e så kuuult å lesa om turen dåkka. heiaheia!! 😀

  2. digitalelena seier:

    SÅ herlig lesning! DIkka e fantastiske!! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s