Luksusdyr i Alta

I går morges kom me til Alta.

20140612-104701.jpg

Her var det tid for kviledag i storbyen (ca. 20 000 innbyggjarar). Me slo på stortromma denne gongen, og tok inn på Best Western Nordlys Hotel. Sidan me bestemte oss for å følgje E6 vidare enda 300 km har humøret vore litt labert, og me tenkte derfor litt luksus var fortent. Og for ein luksus! Me visste ikkje me hadde sakna ei mjuk seng og varm dusj så mykje før me plutseleg hadde det. Fantastisk! Ikkje minst var mørke gardiner ei glede. Teltlivet er trivelig, og midnattsol eksotisk, men me vaknar nesten kvar natt, blenda av sola som skin rett gjennom den knallgule teltduken. «Aah morgon», tenker me. Men neida, klokka er berre 02.00 – og den er alltid 02.00.

Kviledagen gjekk elles med til å fikse litt utstyr me mangla. Både G-sport og Sport1 gav oss rabattar når me fortalte om turen vår. Slik kan me like. I tillegg var ein av dei ansatte frå BØMLO. Uvant å høyre så kjent dialekt heilt her nord.

Hett tips: Om dåke nokon gong skal til Alta, må dåke ete her:

20140612-092444.jpg

..og bestille Lavvo-Lars. Kanskje beste måltidet me har hatt nokon gong!

20140612-092603.jpg

Elles var det eit prosjekt å få tak i pakken vår som var sendt til Masi med kart og mat. Sidan me ikkje skal inn der likevel, måtte me få pakken til Alta. Med fantastisk hjelp frå Ove i Masi og postdama mellom Alta og Masi kom pakken fram til Alta. Problemet då var berre at postterminalen låg 5km unna, og me var ekstremt lei av å gå. Heldigvis for oss hadde vår tredje favorittsame (Jon Andreas) tilbydd seg å hjelpe oss om me trengte det i Alta. Han henta pakken, og me vart jublande glad.

Noko av det aller kjekkaste med denne turen så langt, er alle dei hyggelige, hjelpsame og interessante folka me treff undervegs. Særleg på kviledagane er det me møter desse, då me berre på sett og vis er til, utan andre mål enn å slappe av ein heil dag. Me har tid til å ta ein lang samtale med ein butikkansatt frå Bømlo, og høyre korleis han havna heilt opp her, eller til å drikke øl med russarar, og prøve å lære nokre russiske glosar (utan stort hell). Desse møta beriker turen vår!

Etter eit herleg avslappande døgn i Alta, ser me på vegen vidare langs E6 med nytt og friskt mot. Vel blir det ikkje Finnmarksvidda i denne omgang, men me får oppleve små bygder og natur langs kysten i Finnmark. Me har jo aldri vore der heller!

Og til sist ein liten biletoppdatering frå hotellrommet – er det kviledag så er det kviledag!

20140612-094638.jpg

About NPL-systrene

Mari og Martha Sofie, det er oss: to systre som sommaren 2014 legg ut på ein veldig lang tur - frå Nordkapp til Lindesnes. Me gledar oss!
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Luksusdyr i Alta

  1. hernesvold seier:

    Det er veldig spanande å følge med på dette! Eg er imponert over at de ikkje har sunke ned i ei grøft og blitt plukka opp av forbifarande. Er det langt att til Troms? Kor kan eg sjå ruta? Hjarteleg helsing ei som trudde ho skulle brekke i to den gongen ho gjekk 2,4 mil på ein dag (rett nok opp og ned av eit fjell, men læll, som vi seier i Trøndelag). God tur vidare.

    • NPL-systrene seier:

      Så utrulig kjekt at du seier det Bodil:). For å sei det slik, det er ikkje sjeldan me kjenner at me skal brekke me også etter 2,4 mil;) du kan sjå ei slags rute i menyen, under «ruta vår». Men den gjeld jo ikkje heilt meir. E6 er stort sett ruta vår nå;) og det blir den til Skibotn… Då skal me inn i fjellet (frå der det står Kilpisjarvi i ruta),men kanskje det blir enda fleire endringar då. Mykje snø i fjellet her i nord enda. Reknar med me kjem til Troms fylke om ca. 4 dagar. 🙂 Tusen hjertlig takk! Kjekt du følgjer med!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s