Me er framleis asfaltslitarar. For dei som har sett på ruta vår, ser de at dette ikkje var planen. Etter råd frå lokale, dagen før avreise, avgjorde me å følgje E6 heilt til Alta, istadenfor å gå til Stabbursnes, og derfrå inn Stabbursdalen og vidare inn på Finnmarksvidda. Grunnen til at me endra retning, var store snømengder i fjellet, og enorme elvar på grunn av smeltevatn. Sidan snøen var blaut og elvene skjulte seg under, vart heller ikkje ski eit godt alternativ.
Me har nå traska 200km langs asfalt, og trudde me berre hadde ca. 100 igjen, før me endeleg kunne ta fatt på den store, ville Finnmarksvidda, og verkeleg få prøve oss på ekte Lars Monsen-vis.
Slik blir det ikkje likevel…
Etter samtale med lokale igjen, viser det seg at Finnmarksvidda framleis er umulig å ta seg inn på. Dermed er me nødt å følgje E6 vidare, heilt til Skipbotn. Det vil sei over 300 km til…
Det er kjipt å tenke på, og ikkje slik me hadde sett for oss vandringa gjennom Finnmark. Likevel må me ta det som kjem, og prøve å halde motet oppe. Me tenker det er dumt å overhøyre råd frå lokale.
Personane som denne gongen har hjelpt oss med råd om rute, er dei samane som me møtte i Olderfjorden. Per Ivar og Mikkel er namna, og dei er blitt våre favorittsamar i heile verda. I tillegg til gode råd om rute, har dei lyst opp dagane våre sidan Olderfjorden, med sitt smittande humør og engasjement. Ein dag kom dei over fjellet me hadde gått over den dagen, for å vise oss ei lokal kro. I dag skulle dei til Alta å sjå vår tredje favorittsame, Jon Andreas, spele fotballkamp for Alta, 1.divisjon. Då tok dei med sekkane våre eit stykke på vegen, noko som bokstavleg talt gjorde dagen vår lettare. Me er overvelda og takknemlige over å ha møtt nokon så hjelpsomme og trivelige folk!
I dag har me gått 27 km, og er rimelig slitne! Over og ut!
Synest dåke er fornuftige. Skal høyre på lokalt kjente folk.
Sommeren i norge er dessverre for kort til å gå hele turen i fjellet på fornuftig vis. Sikkerheten først! Dramatikk ved Umbukta for noen dager siden, men det gikk godt heldigvis. Gjør som meg og gå opp igjen fjellet senere der dere nå må veien. God tur videre.
Flinkisar!!:-D
Fatt mot jenter. Dette greier dåke. Å trena utholdenhet er kanskje det aller største, om det ikkje kjennes slik ut. Det ventar massssse villmark så nyt at dåke slepp å lesa kart og lure på kor dåke er:) God natt. Kjempeglad i dåke!! Stor mammaklem
Sendt fra min iPhone
> Den 9. juni 2014 kl. 20:08 skrev «NPL-systrene» :
>
>
>