Flybillettane er i boks!
Nå er det ingen veg tilbake, eller med andre ord: det er berre ein veg tilbake: til fots!
Litt skjelven på hånda og med litt høgare puls en vanleg vart billettane bestilt. Så 31. mai flyr me i veg frå Trondheim til Honningsvåg (30 km frå Nordkapp), og eventyret startar!
Og så ein liten fun fact til sist: Visste du kor langt det er mellom Oslo og Istanbul i Tyrkia (på grensa til ASIA)? På veg heim frå ferie i Thailand sat Mari på flyet frå Istanbul til Oslo. Flylengda for turen vart publisert på flyskjermen: 2460 km! Og kva er det omlag like langt som? Joda, Noreg på langs! Ein blanding av angst og fryd dukka opp i kroppen då dette gjekk opp for Mari under den fire timar lange flyturen, med tanken på at ein like lang distanse til sommaren skal leggast ned til FOTS!
Dåke er jammen meg tøffe 🙂 Eg er imponert.