Då var det offisielt…

Ja, då kan Mari og Martha meddele dykk at ja, me er glade i å gå på tur… Derfor skal me gå på tur heile neste sommar. 1. Juni går startskotet frå Nordkapp, og me skal forsøke å legge ned heile vårt langstrakte land på litt over 100 dagar. Me skal gå Noreg på langs!

Nokon har allereie fått nyss i dette, og responsane har vore interessante. Her er nokon:

  • Hæ? Dåke HAR fritidsproblem dåke. Ein kan jo fly på eit par timar!
  • Ååårh eg så trudde du skulle fortelle at du var gravid
  • Du är knäpp i huvudet!
  • Hva?? Men… hvarfor??
  • Truuuur det er ganske mykje raskare og sykla…

Kanskje er det ikkje så rart at nokon ikkje synest det er den beste ideen at me skal gå ein så lang tur. Sommaren 2010 skulle Mari og Martha gå rundt Hardangerjøkulen på fire dagar. Dette skjedde aldri… Då andre dagen var gjennomførd var systrene overbevist om at dei allereie hadde gått altfor langt, og tok ein snarveg heim. Dette bilete med kommentarar vart posta på facebook etter turen, for å minne oss på at så langt skulle me ALDRI meir gå… Me gløymer tydelegvis fort…

47032_460186475691_2357410_n

Ekstremt slitne og nedbrotne etter 11 timars tur. Til og med hunden ser motlaus ut. Finse ligg som eit fjernt mål i horisonten. Dette er dag 2…

  • IMG_1857

    Kommentarer til bilete over. Legg merke til kommentaren: ALDRI meir så lang tur… Turen vart på omlag 6 mil, NPL er 250 mil…

Likevel: mykje har skjedd på fire år, og me er igjen klare for langtur. Heldigvis har me sjølve, og nokon andre også trua på at me vil få det flott på tur:

  • Eg vil bli med!!!
IMG_1664

Presis!

Me ser fram mot både planlegginga og sjølve turen. Og dåke må gjerne følgja oss her på bloggen.

IMG_0666

Peace out og god jul!

Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

7 Responses to Då var det offisielt…

  1. Elisabeth G. Lillebø seier:

    Du e GAL, Martha!! Men god tur! Skal følge dokke:))

  2. Mads seier:

    Fantastisk! Har virkelig trua, knalltøft gjort! 😀 Men Martha – ta av deg pannebåndet…ingen bruke da t fjells. God jul, og KOS dåke med forberedelsane!

  3. Anne Marthe seier:

    Fantastisk ! Tippe da blir hardt, men TENK den følelsen på mål-linjo. Eg kan heller møta der med champis 🙂

  4. Janicke seier:

    Eg heie på dåke!!:) å pannebånd e kult Martha:-D

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s